Kva er Miljøstatus i Bømlo?
Miljøstatus i Bømlo gjev deg den nyaste informasjonen om kommunen sin tilstand og utvikling innanfor natur- og miljøvern.
Eininga Areal og samferdsel har ansvar for natur- og miljøsaker i Bømlo kommune. Miljøinformasjonslova gir alle innbyggjarar rett til opplysningar både frå offentlege styresmakter og private verksemder i tilhøve som har verknad for miljøet.
På desse sidene finn du ein del miljøinformasjon, men dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Bømlo kommune, landbruks- og miljøavdelinga.