Kva er Miljøstatus i Bømlo?
Miljøstatus i Bømlo gjev deg den nyaste informasjonen om kommunen sin tilstand og utvikling innanfor natur- og miljøvern.
Tenesta er bygd opp kring tre hovedtema som igjen er delt inn i undertema. Desse tre er; avfall, biologisk mangfald, og forureining i sjø og vatn. Dette er første "versjonen" av Miljøstatus for Bømlo kommune. Det vil kontinuerleg bli lagt til nye tema og oppdatert stoff. I tillegg vil du seinare kunne sjå nærare på sektorar som påverkar natur- og miljøtilstanden i Bømlo.
Når du går djupare inn i eit tema, vil du ferdast frå ein meir overordna og lettfatteleg presentasjon i byrjinga og ned til ein meir detaljert, konkret og fagleg omtale av området. På dei fleste temasidene finn du òg tilleggsinformasjon om gjeldande lover og forskrifter og referansar/lenker, som kan gje utfyllande informasjon.
Miljøstatus i Bømlo tar ikkje ansvar for innhaldet i andre nettenester. Når du klikkar på ei ekstern lenke, vil du komma tilbake til Miljøstatus i Bømlo ved å trykka på "Tilbake" eller "Back"-knappen.
Kven står bak nettstaden?
Denne versjonen av Miljøstatus i Bømlo er utvikla av Bømlo kommune i samarbeid med Magnus Johan Steinsvåg, Norsk Viltkompetanse. Miljøstatus på øya er ein del av Miljøstatus i Noreg, som er utvikla av Direktoratet for Naturforvaltning (DN) på oppdrag av Miljøvern-departementet. Statens forureiningstilsyn (SFT) er ansvarleg redaktør for Miljøstatus i Norge.
Innhaldet på sidene er produsert og kvalitetssikra av Bømlo kommune og Norsk Viltkompetanse.
Kva retningsliner gjeld for bruk av innhaldet?
Tekst- og tabellinformasjon og figurar på Miljøstatus i Bømlo kan brukast fritt, men det skal visast til kjelde:
Miljøstatus i Bømlo, nettadresse http://www.miljostatus.no/bomlo/
Karta i Miljøstatus i Bømlo kan brukast fritt, men det skal henvisast til kjelde.
For bilete gjeld vanleg opphavsrett. Ta kontakt med den aktuelle fotografen om du vil bruka bilete. Eller du kan kontakta Anne Grete Møklebust som er redaktør for nettstaden. Om du får tillating til å bruka bilete, så husk at namn på fotografen skal alltid stå under ved bruk av bilete!
 |
|
Storavatnet med omkringliggjande område sett frå lufta. foto: Jan Rabben |
|