For å få kjennskap til kva artar som har tilhald i naturen på Stordøya leigde kommunane inn biolog Magnus Johan Steinsvåg til å kartleggja viltet (2002/2003). Ein viktig del av arbeidet var å få kartfesta og dokumentert viktige område for viltet. Med viten om kva artar som finst lokalt og kva område som er særleg viktige for viltmangfaldet, vil ein vera betre i stand til å forvalta viltet på ein berekraftig og forsvarleg måte. Arbeidet vart gjennomført etter DN handbok-11.

Om ein er på sjøen vinterstid kan ein ofte sjå storskarv sitjande på holmar og skjer for å tørke vengene sine. Det er ikkje berre hekkeplassar og yngleområde som har vore viktig å kartfesta under viltkartlegginga, men òg rasteplassar og beiteområde for artar som ikkje ynglar her har vore viktig å få dokumentert. Storskarven hekkar til vanleg frå Trøndelagskysten til Finnmark. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.
14 område er kartfesta som prioriterte viltområde
Totalt har ein under viltkartlegginga i 2003 fått kartfesta og dokumentert over 130 viltområde på Stordøya. Kvart viltområde har fått ein verdi mellom anna etter kor sårbar og sjelden den aktuelle arten er. Desse viltområda har vore grunnlag for prioriteringskartet (under). I prioriteringskartet har ein sett på alle viltartane og dei avgrensa viltområda under eitt, og har gjort ei samla prioritering av dei viktigste områda for viltet på øya. I tillegg til viltområde har ein fått kartfesta kryssingspunkt og trekkvegar for hjort.
Det er avgrensa totalt 14 prioriterte viltområde i Stord og Fitjar: Av desse er 6 særleg viktige- og viktige viltområde. Fleire av dei prioriterte områda er relativ store. Innan desse områda er det registrert fleire viktige funksjonsområde for arealkrevjande og sårbare artar (storlom og kongeørn i fjellet og hønsehauk, storfugl og kvitryggspett i skog). Desse artane er avhengige av store areal av den aktuelle naturtypen og avgrensinga er gjort med tanke på dette. Ei fragmentering (oppsplitting) og redusering av desse områda vil kunne føre til forringing av leveområda til dei aktuelle artane, både som ei følgje av dårlegare tilgang på eigna leveområde og auka forstyrring. Kva viltartar som området er særleg viktig for, samt områdenummer, er skrive under kartet. For å sjå heile bakgrunnen for dei prioriterte områda og viltkartleggingsarbeidet kan viltrapporten lastast ned her.
Prioriteringskart for viltområde på Stordøya. Kartet har tatt utgangspunkt i over 130 kartfesta og dokumenterte viltområde og er en samla vurdering av dei viktigaste viltområda på Stordøya. Kartframstilling: Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga.
Svært viktige viltområde på Stordøya
- Område 1. Fitjarøyane. Aktuelle artar: Ulike sjøfuglar som måsar og andefugl. Havørn, kongeørn, hubro og tjuvjo.
- Område 2. Aravatnet-Svartavatnet i Stord. Aktuelle artar: Storlom, kongeørn og kvitryggspett.
- Område 3. Rutle-Rydland. Aktuelle artar: Storfugl, hønsehauk, gråspett, kvitryggspett og hjort.
- Område 4. Grov-Vatnadalen-Iglatjødno: Aktuelle artar: Storfugl, hønsehauk, kvitryggspett og hjort.
- Område 5. Digernes. Aktuelle artar: Kvitryggspett, storfugl, hønsehauk og hjort.
- Område 6. Sævarhagsvikjo. Aktuelle artar: Raste- og beiteområde for ender og vadefuglar. 25 vadefuglar er observerte på lokaliteten.

Områda kring Kongskogvatnet. Fjellområda på Stordøya er særleg viktig for viltet. I tillegg til dei meir vanleg artane kan ein her sjå meir klassiske fjellartar som kongeørn, fjellvåk, lirype, fjellrype, heilo og storlom. Desse områda er dei einaste attverande områda på sjølve Stordøya som kan reknast som meir eller mindre inngrepsfrie! I framtida vil det vera særs viktig for mangfaldet at ein klarar å ta vare på desse store samanhengande fjellområda, oppsplitting og redusering av slike område vil i stor grad påverka viltmangfaldet negativt. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.