Miljø- og samfunnsstatus i Bømlo

Du er her :
BømloBiologisk mangfald
Biologisk mangfald
Biologisk mangfald omfattar alle levande organismar - både planter, dyr og andre organismar. Kvar art har gjennom ei utvikling på tusenvis, ja millionar av år, tilpassa seg sine leveområde. Individa har konkurrert med andre artar såvel som sine eigne artsfrendar om å overleve og reprodusera. I det daglege er det kanskje dei vanlegaste artane som er viktigast å ha fokus på. Men samstundes kan sjeldne artar fungera som "varselklokker" eller såkalla "indikatorar", dersom tilstanden til mange artar eller leveområda deira er i ferd med å bli truga.
Hjortetunge
Hjortetunge er klassifisert som sjeldan i den nasjonale raudlista. Den er funne ved fira lokalitetar på Bømlo. Hjortetunge veks berre ved havet, som regel i steile berghamrar under overheng, ofte på skuggefulle stadar (Moe 2003). Foto: Bjørn Moe.

Mykje og variert mangfald på Bømlo

Naturtilhøva set "rammer" for mangfaldet vårt
På Bømlo er klimaet sterkt prega av at øya ligg så langs sørvest i landet. Dette "havklimaet" vert kalla oseanisk og vert karakterisert ved relativ høg vintertemperatur og låg sommartemperatur.

Det er geologien og klimaet som ofte set rammer for dei fleste artar. Særleg er dette avgjerande faktorar for plantelivet. På Bømlo kan ein grovt sei at ein i nordlege delar av kommunen finn i stor grad harde bergartar som granitt, medan ein i sør finn sedimentære og vulkanske bergartar som sandstein og skifer. Det er dei sistnemnte bergartane som gjev best næringsforhold for planter.

Purpurlyng
Purpurlyngen er berre å finna heilt ytst i vestlege delar av Noreg. Den er avhengig av høg vintertemperatur, derfor passar det "havpåverka" klimaet på Bømlo denne planta særs godt. Me finn den dessutan i furuskog, m.a. i Sagvatnområdet og Skogfjellet. Slik kystfuruskog med innslag av purpurlyng er ein særs sjeldan naturtype i Noreg. Dette bilete er frå Gisøya heilt nord i Bømlo. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Mange naturtypar gjev moglegheitar for mange artar
Det er den varierte naturen på Bømlo som gjev grunnlag for den store variasjonen av artar. Me har det meste av naturtypar: Ytre kystområde med forblåste holmar og skjer, større lune skogar og eit variert og småskala kulturlandskap. Det einaste ein manglar er større fjellområde. Siggjo vert for lita til at me finn typiske fjellartar der. Artane treng litt større leveområde for å overleva.

Lyklingvatnet
Lyklingvatnet sommarstid. For å ta vare på mangfaldet er det viktig å ha større intakte naturområde. At eit skogsområde har døde tre og stubbar, som her på bilete, gjer det interssant for mange soppartar, insekter og ikkje minst hakkaspettane. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Registrerte artar: 250 viltartar og 509 taxa karplanter
Totalt har ein registrert 250 viltartar i Bømlo. Fuglane dominerarar med 224 observerte artar og der kring 120 av desse er hekkefuglar. 22 pattedyratar er registrert, medan eit amfibium og tre krypdyr er konstatert som "bømlingar". Sjå artsliste for vilt (pdf). Av karplanter er det registrert heile 509 taxa. Sjå artsliste for karplanter (pdf).

Sjeldne og sårbare artar i Bømlo
Nokre artar er naturleg sjeldne, medan andre er sjeldne som fylgje av menneskeleg påverknad. I Bømlo er 37 raudlista viltartar registrert innanfor kommunegrensene. Rundt 18 av desse har truleg fast tilhald her i kommunen. Det er registrert 15 raudlista karplanter, og mange av desse finn ein kun på Bømlo i heile Hordaland. Det er i tillegg registrert 34 raudlista beitemarkssopp, 14 raudlista moseartar og 6 raudlista lavartar. Les meir om sjeldne og sårbare artar.

Havhestpar
Desse to havhestane er fotografert på Færøyane, men biletet kunne lika godt vore frå Bømlo. Første hekkefunn av arten i Hordaland vart påvist på Låterøy heilt sør i Bømlafjorden i 1999. Åra både før og etter dette har det blitt påvist og vore indikasjonar på hekking der. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Kvifor ta omsyn til mangfaldet?

Høgt forbruk trugar mangfaldet vårt. At me har høgt forbruk og eit større behov for nye areal ser ein til dømes ved at me stadig treng nye område til bygging av vegar,
hytter/robuer og bustadfelt. Utbygging av nye område kan føre til at leveområda til mange artar vert redusert og øydelagde. I denne rivande næringsutviklinga og "moderniseringa" kan det vera lett å gløyma at mennesket faktisk er avhengige av naturen. Me er avhengige av alle råvarene den produserar, energien, byggjematerialane og av medisinane. Naturen sitt mangfald er den kapitalen som oss menneske har utnytta for å skape den materielle rikdommen som me omgjev oss med i dag. Effektane av det stadig aukande presset på det biologsike mangfaldet vil ikkje berre bli registrert ved at artar døyr lokalt ut, det vil òg ha ein direkte effekt på dei framtidige moglegheitane me og kommande generasjonar, barna og barnebarna våre har til å utnytta dei ressursane naturen gjev oss i dag.

Gåsafjellet
Gåsafjellområdet. Enkelte skogsparti utgjer furutre av store dimensjonar. Området er som heilheit viktig for m.a. raudlista rovfuglar som havørn, hubro og hønsehauk. I enkelte område finn ein dessutan kystfuruskog med purpurlyng som er ein sjeldan naturtype. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Arealinngrep trugar mangfaldet vårt

Alle inngrep som endrar forma eller kvaliteten på eit leveområde t.d. ein skog, har konsekvensar for artane som har tilhald der. Sjølv om enkelte inngrep kan verka store og dominerande, er det likevel summen av alle inngrepa over tid, som utgjer det aller største trugsmåletdet aller største trugsmålet mot mangfaldet. Mange "mindre" inngrep vert sjeldan tatt opp til vurdering og det er først når ein kan sjå og dokumentera utviklinga over ein lengre tidsperiode, at ein verkeleg kan sjå konsekvensane. Ulike inngrep kan føre til ei oppsplitting av eigna leveområde og isolering av lokale bestandar. Ofte er resultatet at dei gjenverande leveområda vert for små til å "bu i", og ettersom artane/individa ikkje fritt kan flytta på seg til andre moglege leveområde pga at dei er isolerte og "sperra inne", kan resultatet i verste fall bli lokal utdøying. Det er derfor viktig at ein klarar å ta vare på større samanhengande område.

Boreal
Det er særleg arealkrevjande viltartar knytt til slike biotopar som dette, som vert påverka av at leveområda deira vert mindre. I slik "naturleg" barskog finn ein artar som hønsehauk, storfugl og kresne hakkespettar, og dei treng mange kvadratkilometer for å klara seg. Bilete syner Døsvikdalen. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Kartlegging, overvaking og bevaring

Kartlegging av biologisk mangfald
For at ein skal ta vare på mangfaldet er det naudsynt å kjenna til kva artar og artssamfunn ein har lokalt. Kartlegging er derfor avgjerande for å få ein oversikt over kva artar som har tilhald i kommunen og kva område som er særleg viktige for mangfaldet.

Sommaren 2002 leigde Bømlo kommune inn konsulentar for å kartlegge naturtypar og vilt i kommunen. Les meir om viltkartlegging og kartlegging av naturtypar. 

Overvaking av hjort
I samband med hjortejakta i 2002 starta ein med å registrera slaktevekt for hjort i Bømlo. Ettersom vekt på eit dyr i stor grad gjenspeglar kondisjonen til dyret, vil ei oversikt over utvikling i slaktevekter over tid vera ein viktig indikator for helsetilstanden til hjort på Bømlo. Les meir om viltforvaltning på Bømlo. I tillegg starta ein med "sett-hjort" registreringar hausten 2004. I desse registreringane notarer jegerar alle observerte og felte dyr, i tillegg til kor mykje tid ein har brukt på jakt. Endringar i tettleik av dyr og endringar i kjønns-alderssamansetnad i bestanden over tid kan gjenspeglast i slike data. Slik informasjon vil saman med dei tradisjonelle fellingsstatistikkane og vårteljingane, vera ei viktig betring i sluttnadsgrunnlaget og auka presisjonen i hjortaforvaltninga på Bømlo.

Kolle med kalv
Hjortakolla og kalv gjennom teleskopet! Dei siste åra har ein byrja med ulike registreringar av hjort på Bømlo. Registreringar som vårteljingar, slaktevekter, tradisjonelle fellingsstatistikkar og sett-hjortregistreringar vil gje eit betre bilete av utvikling og tilstand til hjortabestanden på Bømlo. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Vern og bevaring av viktige område
Det meste av arealforvaltninga vert føretatt på det lokale plan i Noreg. Gjennom den lokale arealforvaltninga kan ein i Bømlo sørgja for at dei forskjellige artane sine krav til leveområda vert ivaretatt. Plan-og byggningslova gjev rom til å ta slike omsyn. Frå nasjonalt hald har òg verna fleire område etter naturvernlova i Bømlo. Det gjeld fleire rike sjøfuglområde og barskogområde. Les meir om verna område i Bømlo.

Likevel er desse få verneområda for små åleine til å ta vare på mangfaldet vårt for framtida. Om me vil at våre barnebarn og framtidige generasjonar skal ha dei same moglegheitane som oss, må me ein ta omsyn til det biologiske mangfaldet både i den kommunale arealforvaltninga og "privat regi".

kolleKalvStor
Relaterte dokument:

© KS 2008-2010 - Kontakt: Livskraftig@ks.no - Utvikling og teknisk support: Frameworks AS -  Powered by Digimaker CMS