Miljø- og samfunnsstatus i Bømlo

Du er her :
Naturtypar

Tjong
Det vert ofte sagt at Bømlo består av tusen øyar, og landskapet er mange stader dominert av hav og nakne bergknausar, men større skogar samt eit variert småskala kulturlandskap er òg ein del av landskapsbilete i Bømlo. At landskapet er rikt og variert, kjem tydeleg til syne ettersom ein har registrert over 23 naturtypar. Dette bilete er frå Nonshøgd ved Tjongspollen, og naturlegvis, Siggjo i bakgrunnen. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

I Bømlo kommune er det registrert 23 naturtypar av dei 56 som er skildra i DN-handbok 13. Dei er fordelte på seks av hovudtypane (berre kalkrike område i fjellet manglar). I tillegg er det registrert nokre naturtypar som ikkje blir fanga opp av DN-handboka, men som er viktig veksestad for enkelte lokalt sjeldne artar, t.d. dvergbjørk. Det er òg registrert spesielle førekomstar av raudlisteartar i område som ikkje fell inn under nokon undertype. Totalt 99 lokalitetar er kartlagde med til saman 135 naturtype-einingar. Les meir om truga og sårbare artar.

Naturtypane kan delast inn i sju hovudnaturtypar, som igjen kan delast inn i 56 naturtypar. Hovudnaturtypane er fordelte slik:

  • Myr
  • Rasmark, berg og kantkratt (under skoggrensa)
  • Fjell
  • Kulturlandskap
  • Ferskvatn/våtmark
  • Skog
  • Havstrand/kyst

Toppstarr
Toppstarr veks i kanten av små tjørn, men finst sjeldnare på myr. Planten dannar grove tuer og er funnen på fire lokalitetar i Bømlo. Ein av desse er den klassiske lokaliteten Søratjørn på Moster, der toppstarr har vore kjend heilt sidan den blei samla av Blytt i 1884. Då Knut Fægri besøkte lokaliteten i 1955, fann han berre ei tue (Fægri 1960). Arten har imidlertid hatt ei positiv utvikling ved Søratjørn og i dag finst det mykje meir av den. Kan hende er dei tre andre lokalitetane av nyare dato etter spreiing frå Søratjørn? Toppstorr er truleg tilpassa frøspreiing med fugl som flyg mellom våtmarksområda (Moe 2003). Foto: Bjørn Moe.

Registreringane i felt vart utført av botanikar Bjørn Moe i 2002, samt litt utfyllande arbeid våren 2003. Asbjørn Knutsen har vore ein aktiv støttespelar i prosjektet. Han har gitt nyttige opplysningar om lokalitetar og vore med mange dagar i felt. Hans studie av beitemarksopp har vore eit viktig bidrag i dette arbeidet.

Det er brukt mest tid på naturtypekartlegging i den sørlege delen av kommunen. Dette heng saman med at Søre Bømlo har ein langt meir næringsrik berggrunn enn i nord. Det har vore gjennomført relativt grundige synfaringar med båt på øyane i vest, utanfor Søre Bømlo, samt vestsida av Mosterområdet og i Tjongspollen. Rapporten frå kartleggingane kan lastast ned her.

solblom
Relaterte dokument:

© KS 2008-2010 - Kontakt: Livskraftig@ks.no - Utvikling og teknisk support: Frameworks AS -  Powered by Digimaker CMS