 |
|
Orreleik. Når ein skal jobba med viltkartlegging vil ein orreleik eller tiurleik vera relativt grei å avgrensa på eit kart, men det er verre å setja grenser for eit heilt leveområde til t.d. ein hønsehauk eller ein kvitryggspett (hakkespett). Då må ein i større grad gå etter sporteikn som t.d. hakkemerker og ribbeplassar som seier noko om kor dei har tilhald. Ein viktig del av viltkartlegginga er å undersøkja mogleg biotopar for ulike artar, for ein er ikkje alltid lika heldig som å ta dei ulike artane "på fersken" ved observasjonar i aktulle område. Foto: Magnus Johan Steinsvåg |
|
For å få kjennskap til kva artar som har tilhald i naturen i Bømlo, har kommunen leigd inn biolog Magnus Johan Steinsvåg til å kartleggja viltet (2002/2003). Ein viktig del av arbeidet har vore å få kartfesta og dokumentert viktige område for viltet. Med ny viten om kva artar som finst lokalt og kva område som er særleg viktige for viltmangfaldet, vil ein vera betre i stand til å forvalta viltet på ein berekraftig og forsvarleg måte. Arbeidet har blitt gjennomført etter DN handbok-11 , sjå nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning for meir informasjon og for å lasta ned handboka.
Medan det gamle viltkartet nesten utelukkande omhandla jaktbare artar, omfattar det nye kartverket alle viltartar i høve til det utvida viltomgrepet: Alle førekomande artar innan gruppene amfibiar, krypdyr, fugl og pattedyr. Arbeidet er gjennomført etter DN-handbok 11. Det er lagt spesiell vekt på artar med økonomisk og rekreativ verdi (først og fremst hjortevilt), truga- og sårbare artar (raudlisteartar), område som er viktige for enkelte artar eller artsgrupper og område som er spesielt artsrike. Kartverket inneheld tre kart: Eit kart for småvilt og trekkvegar for hjort, eit kart med opplysningar unnateke offentlegheit og eit kart over prioriterte viltområde (viktige- og svært viktige viltområde).
Det er registrert 250 viltartar i kommunen: 1 amfibium, 3 krypdyrartar, 224 fugleartar og 22 pattedyrartar. Du kan lasta ned viltrapporten her. Viltrapporten for Stordøya kan du lasta ned her.
 |
|
Greit å bruka teleskop om ein skal kikka på vilt over lengre avstandar! Ekstra klede og mat er heller ikkje å "så tåsse" å ha med seg om ein skal vera i felt over lengre tid. Foto: Magnus Johan Steinsvåg |
|
Totalt er over 170 ulike typar viltområde kartfesta i Bømlo. Alle desse områda kan ha ulik funksjon for den aktuelle viltarten. T.d. funksjon som rasteplass, hekkeplass, overvintringsområde eller leveområde som heilheit. Alle kartfesta område har fått ein verdi slik at me kan prioritera og synleggjera dei viktigaste viltområda. Bak denne verdivurderinga er m.a. kor sårbar og utsatt den aktuelle arten er, og kva krav den har til leveområdet sitt. Ut i frå desse 170 områda, har ein då gjort ein samla vurdering av kva område som bør prioriterast. For å få meir informasjon om kartfesta viltområde i Bømlo kan du lasta ned
viltrapporten eller gå vidare til
naturbasen til Direktoratet for naturforvaltning.
Fleire viltområde av regional verdi
Resultatet av dette ser ein i det første kartet nedanfor. Dette syner dei viktigaste viltområda i Bømlo. 5 av desse er avmerka som svært viktige medan 18 som viktige. Av område som skil seg særleg ut kan nemnast Tjongpollenområdet frå Gåsafjellet i sør til Lyklingvatnet i nord. Her er det særleg artar som havørn, hønsehauk og kvitryggspett som har tilhald. At det er lite inngrep i desse områda gjer det til blant dei viktigaste områda for havørn og hønsehauk i heile Hordaland.
Særleg blant fuglane er det mange artar som trivest i moderat utnytta landbruksområde. Det beste eksempelet på slikt kulturlandskap finn ein i Hallaråkerområdet. Her har ei mengd fugleartar tilhald i hekketida såvel som i trekktidene. og det er særleg vadefuglar, gjess, ender og dei meir sjeldne riksene som trivest her.
Heilt sør i Raudholmane og Låterøyområdet, finn ein eit rikt sjøfuglliv. Det er m.a. påvist hekkande ærfugl, grågås, teist, lunde, havhest, fiskemåse og toppskarv. Viktig som myteområde for ærfugl. Dette er eit av dei viktigaste sjøfuglområdet i Hordaland.
 |
|
Ærfuglen er ein kjent og kjær fugl i Bømloskjergarden. Foto: Magnus Johan Steinsvåg. |
|
Dei svært viktige viltområda i Bømlo:
- 1. Rogøy-Sæverudsøy: sjøfugl, havørn, hønsehauk og hubro.
- 2. Rutsøy-Totlandsjøen: Andefuglar, storfugl, hønsehauk og hakkespettar.
- 3. Børøy-Ulvesøy: Hakkespettar, hjortetrekk og gamal barskog.
- 4. Sagvatnet-Skogafjellet: Hakkespettar, havørn, hønsehauk, storfugl og sannsynleg vinterbeiteområde for hjort.
- 5. Raudholmane-Låterøyområdet: Hekkeområde for ein rekkje sjøfuglar, mange av dei sjeldne. Myte-område for ærfugl.
Kart 1. Viktigaste viltområde i Bømlo. Trykk på kartet for forstørring.
Kart 2. Viktigaste trekkvegane for hjort i kommunen. Trykk på kartet for forstørring.
Kartframstilling: Miljøvernavdelinga, Fylkesmannen i Hordaland.