Miljø- og samfunnsstatus i Bømlo

Du er her :
BømloBiologisk mangfaldSårbare og sjeldne artar
Sårbare og sjeldne artar
 

Hønsehauk
Hønsehauken er ein skogsjeger, og trivest særleg godt i større samanhengande furuskogområde med godt jordsmonn (god bonitet). Men slike område er òg interessante i skogbrukssamanheng. Derfor vert hønsehauken lett påverka av moderne skogsdrift ved at tilgongen på egna byttedyr blir mindre og reirområde vert hogd ut. Òg på Bømlo har ein ved enkelte høve registrart at folk har hogd ned reirtre til høsehauken. Likevel ser det ut som om hønsehauken klarar seg bra på Bømlo. Årsaka er truleg at den i tillegg til dei tradisjonelle byttedyra som held til i skogen, kan jakta på alternative byttedyr knytt til kysten, byttedyr som måsar og andefuglar. Hønsehauken er klassifisert som sårbar i den nasjonale raudlista. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Artar døyr ut 100 til 1000 gonger raskare enn normalt
Artsmangfaldet i verda i dag er eit resultat av ca 4 milliardar år med evolusjon. Ein evolusjon beståande av artsdanning, migrasjon, utdøying av artar og i nyare tid, menneskeleg påvirknad. I dag finst berre ti prosent av dei artane som nokonsinne har levd på jorda.

I høve til det gjennomsnittlege utryddingstempoet dei siste 100 millionar åra, er i dag hastigheten av artar som vert utrydda pga. menneskeskapte aktivitetar, mellom 100 og 1000 gonger raskare enn den "naturlege". Livsformene på jorda døyr i dag raskare ut enn vitskapen klarar å skildra dei. Utryddinga av artar vert sett på som ein av dei viktigaste og største miljøtrugsmål verda står ovanfor i dag (kjelde: Direktoratet for naturforvaltning).

Større fokus på truga artar ved Raudlister
For å oppnå større fokus på artar som er sjeldne, truga eller i tilbakegang, er det utarbeidd spesielle oversikter over slike artar med ei vurdering av dagens status (bestand og bestandsutvikling). Det er dette som blir kalla raudlister. Den offisielle norske raudlista blir utgitt av Direktoratet for Naturforvaltning.

Raudliste for karplanter, sopp, moser og lav finn ein i rapporten om naturtypar i Bømlo.  Raudlista for viltet i Bømlo er utarbeida ved viltkartlegginga og er å finna i viltrapporten.

Mange raudlista karplanter på Bømlo
Det er registrert 15 raudlista karplantar i Bømlo, noko som er eit høgt tal samanlikna med andre kommunar i Hordaland. Sjå fullstendig artsliste i rapporten Naturtypar i Bømlo . Med den baserike berggrunnen og dei spesielle klimatilhøva, inneheld floraen i Bømlo ei rekkje sjeldne artar som kommunen har eit spesielt forvaltingsansvar for.

Trollnype
Trollnypa er ein sørleg art som veks langs kysten, og planten er ikkje kjend nord for Sunnhordland. Arten er lokalt vanleg i søre del av Bømlo, og dette er truleg tyngdepunktet for utbreiinga i Noreg. Planten veks i ulike habitat, i kulturlandskapet, i skogkantar, i kantkratt ved stranda og langs vegar. Trollnypa krev gode lysforhold, og vil kunna gå tilbake der veksestadane gror til med skog. På den andre sida vil arten kunne ekspandera den første tida når gamle beitemarker gror igjen. Tilstanden til trollnype på Bømlo er god, og den veks på mange lokalitetar (Moe 2003). Arten er klassifisert som sjeldan i den nasjonale raudlista. Foto: Bjørn Moe.

Kva trugar viltmangfaldet på Bømlo?
Sjølv om ein snakkar om ei nasjonale raudliste er det dei effektane artane vert utsett for på det lokale plan som er avgjerande for den nasjonale tilstanden og statusen til desse artane. I raudlista for viltartar i Bømlo kommune kan ein sjå at det er fleire fleire faktorar som kjem igjen og som påverkar negativt. For sjøfugl er det oljesøl og drukning i fiskegarn som kan ha negative effektar, men særleg mangel på mat som følgje av overfiske har vore dramatisk dei siste åra. Dei arealkrevjande og kresne skogsartane hønsehauk, storfugl og kvitryggsspetten vert i stor grad påverka av skogsdrift. Sjølv på Bømlo har reirtre til hønsehauk blitt hogd. Intensiveringa innan jordbruket, med bruk av moderne slåmaskinar, har t.d. ført til at den tidlegare så vanlege åkerriksa nærast er utrydda frå kulturlandskapet i Bømlo som i resten av landet. Fleire artar som ein generelt kjenner lite til og kor bestandsnivået er særs usikkert er ført opp på raudslista i kategorien "bør overvakast".

Raudlista viltartar

Av dei 37 registrerte viltartane er det rundt 18 av desse som truleg har fast tilhald her i kommunen. Nokre av artane kjem berre innom på under trekket eller vert meir tilfeldig observert. Medan nesten halvparten hekker/ynglar her fast eller sporadisk. For nokre artar, som t.d. havørna har utviklinga vore særs positiv. Den vart nesten heilt utrydda frå heile kysten på Sør- og Vestlandet som følgje av jakt. Arten vart først freda i 1968. Men dei siste 20 åra har bestanden tatt seg kraftig opp, og første hekkefunn i Hordaland vart gjort på Bømlo i 1986. No har me 5 konstaterte havørnpar, men truleg er det rundt 10 hekkande par i kommunen, og den høgaste tettleiken i Hordaland. Det er særleg god tilgang på større inngrepsfrie område som gjer Bømlo til "havørnkommunen" i Hordaland.

Havørn
Vaksen havørn, høgt der oppe på skikkeleg ørnevis! Med 5 konstaterte par, og sannsynlegvis over 10 hekkande par, kan verkeleg Bømlo kallast "havørnkommunen" i Hordaland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Mange sjeldne beitemarkssoppar i Bømlo
Omlegging til meir intensiv drift og bruk av kunstgjødsel har ført til at mange av beitemarksoppane er i ferd med å forsvinne. Med færre dyr i utmarka skjer det ei stadig aukande attgroing av dei gamle kulturlandskapa. Mange stader i landet har det vore ein dramatisk tilbakegang for ein rekkje soppartar. Det er i den tradisjonelle beitemarka vi finn flest sårbare og truga artar, spesielt innan gruppene jordtunger, vokssopp, raudskivesopp og fingersopp.I ei utredning om beitemarksopp frå Direktoratet for naturforvaltning (1997), er det nemnt 19 artar som Noreg har eit internasjonalt ansvar for. Sju av desse er òg funne i Bømlo: Gulbrun narrevokssopp, vrangjordtunge, vanleg jordtunge, gulfotvokssopp, raudnande lutvokssopp, gul slimvokssopp og raud honningvokssopp (Moe 2003).

I tillegg til raudlista viltartar, karplanter og beitemarkssopp, er det registrert 14 raudlista moseartar og 6 lavartar.

storak
Relaterte dokument:

© KS 2008-2010 - Kontakt: Livskraftig@ks.no - Utvikling og teknisk support: Frameworks AS -  Powered by Digimaker CMS