Miljø- og samfunnsstatus i Bømlo

Du er her :
Verna område

Skoglys
Sollyset slepp gjennom dei høge, grove furustammene på Skogafjellet, og gjev bjørkeblada lyset og fargane sine tilbake. Bilete er frå Skogafjellet naturreservat. Vern av naturområde i Bømlo er eit viktig bidrag for å sikra eit mangfald av artar for framtida. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Vern av naturområde hindrar uheldige inngrep. For Bømlo sin del er det særleg mange holmar og skjer som har blitt verna som sjøfuglreservat. Elles er det to furuskogområde som er verna som barskogvernområde. Alle desse områda er verna som naturreservat etter naturvernlova.

Område som er verna etter naturvernlova i Bømlo:
Om du vil sjå meir om verneformål og forskrift for verneområda, kan du gå vidare til NATURBASEN til Direktoratet for naturforvaltning.

  • Eggvær
  • Otterøy og Hestholmen
  • Karihavet
  • Sengane
  • Trættebleikja
  • Olvondo
  • Koløy  
  • Senjen
  • Måksteinen og Tovo
  • Trøytarosskjeret
  • Utsletteøy, Joøy og
  • Upsøykalven
  • Hovsøy, Låtersøy, Melne,
  • Melneklubben, Lyngsøy,
  • Oksøy og Raudholmane      

                                        
Sjøfuglreservata er sikra mot uheldige inngrep og forstyrringar i viktige område for sjøfuglane. Særleg i hekketida er dei sårbare for forstyrringar. På grunn av endrande mattilgong og andre miljøforhold, endrar òg sjøfuglane si bruk av reservata.

Skarvar
For sjøfuglane er det særleg i hekkeområda at dei er vare for forstyrringar. Det er derfor viktig dei har "førsterett" til nokre holmar og skjer i hekketida. Vern av visse område til sjøfuglreservat er med å sikra denne "førsteretten". Foto: Magnus Johan Steinsvåg.


Urskog ved Sagvatnet
"Urskog" i Sagvatnet naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

På Bømlo er barskogområda kring Sagvatnet og Skogafjellet sikra for framtida gjennom vern. Skogafjellet er spesielt då det utgjer kalkfuruskog og kystfuruskog med purpurlyng. Sagvatnet er verna for at det er ein større saman-hengande og variert skogområde. Og her finn ein furuskog med innslag av purpurlyng.

Ein naturleg "runddans" òg i framtida
I ein større skog som i minst mogleg grad vert påverka av menneskelege inngrep, foregår det heile tida ein slags "runddans" av naturlege prosessar, ein utvikling der t.d. rotvelter, vindfall og andre naturlege forstyrringar gjev lys og nye moglegheitar til mange artar. I ein naturleg skog finn me tre av alle alderar og slag, me finn døde tre og stubbar. Opne skogområde og myrar skapar variasjon i landskapet. Død ved frå rotvelter og ståande stubbar gjev livsgrunnlag for mange vedlevande soppar såkalla kjuker. Dei er viktige som nedbrytarar og gjev livsgrunnlag for andre artar seinare i nedbrytingsstadiet. Særleg mange billeartar er avhengige av død ved i ulikt nedbrytingsstadium. Hakkespettane vil så søkja etter billelarvar i dei døde stubbane. I skog der hakkespettane finn mat vil dei òg lage reir, og gamle spettehol er viktige hekkeplassar for andre holrugarar som ikkje klarar å hakke ut reirhol sjølve. I eit skogøkosystem heng alt heng saman og påverkar kvarandre, og det er nettopp desse naturlege prosessane, denne "runddansen", utan menneskeleg innverknad, at ein ønskjer å ta vare på ved vern av større barskogområde.

At me har fått verna to slike større skogområde på Bømlo, gjer at me òg i framtida kan få oppleve korleis ein naturleg skog skal sjå ut. Me kan vera "med på runddansen" og oppleva mangfaldet og dei naturlege prosessane i furuskogen, både på turar eller i form av undervisning i skulen.

Sagvatnet
Alle verneområde vert skilta med kva området er verna som. I Bømlo er område kun verna som naturreservat. Formålet med vernet er òg som regel opplyst. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

adHavørn1
© KS 2008-2010 - Kontakt: Livskraftig@ks.no - Utvikling og teknisk support: Frameworks AS -  Powered by Digimaker CMS