 |
|
Orrfugljakt i havgapet. Foto: Magnus Johan Steinsvåg. |
|
Viltforvaltninga omfattar forvaltning av alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.
Bømlo kommune skal forvalta viltressursane innanfor dei til ei kvar tidt gjeldande lover og forskrifter. Retningslinjene for viltforvaltninga i kommunane er heimla i;
 |
|
Hjortebukk kosar seg på gode sommarbeite i utmarka. Ettersom ein stor del av det lovpålagde arbeidet i den lokale viltforvaltnigna er retta mot hjorteviltet, vert mest ressursar nytta til hjorteforvaltninga i Bømlo. Foto: Magnus Johan Steinsvåg. |
|
Det er eit mål å leggja til rette for lokal forvaltning av viltressursane i eit perspektiv som er bygd på næring og rekreasjon. Samstundes er det ei målsetting at viltbestandane skal regulerast på eit nivå som tek omsyn til beitegrunnlaget, anna biologisk mangfald og andre samfunnsinteresser.
Ein stor del av viltforvaltninga går til forvaltning av hjort. Arbeidsoppgåvene er mellom anna å tildela årlege fellingsløyve, ta hand om skadde hjortedyr (fallvilt), skadeførebyggjande arbeid på åker og eng samt å styre det kommunale viltfondet.
Frå 2002 har hjortejegerane vore plikta til å opplysa om slaktevekter på felte dyr. Ut i frå desse talmateriale har ein laga årsrapportar som syner vektutvikling og fellings-statistikkar over tid. Rapportane er utarbeid av Norsk Viltkompetanse i samarbeid med landbrukskontoret i Bømlo. Sjå nedanfor:
Trykk på rapportane for å lasta dei ned.