Miljøstatus i Stord og Fitjar

Du er her :
Hopp over meny
Hopp til menystart
Midtfjellet Vindpark

SFLMK seier Nei til Midtfjellet Vindpark

vindturbinarFitjar2
Biletet er truleg det mest korrekte til no, og syner kor leis vinturbinane kan sjå ut frå Skålevikområdet. 
Foto/layout: Torbjørn Hovland.

Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor seier i uttalen til Rådmannen i Fitjar at Midtfjellet Vindpark ikkje bør byggjast. Kontoret meinar m.a. at tiltaket vil ha store negative følgjer på naturmangfaldet, og at alternative løysingar/plasseringar av vegar og vindturbinar, ikkje reduserar konfliktnivået av tiltaket. Ein konkluderar med at dei samla negative effektane av tiltaket vil vera større enn fordelane.


Store inngrep i naturmiljøet
Planområdet for Midtfjellet Vindpark i Fitjar på 15 km2, det utgjer omlag 13 % av landarealet i Fitjar kommune. Det planlagde tiltaket/inngrepet er irreversibelt, fordi vegane og resten av infrastrukturen vil vera att, sjølv om ein tar ned vindturbianene.

Tiltaket utgjer ein reduksjon av inngrepsfrie område på Stordøya med 3,5 km 2.I St. prp nr. 1 (2005-2006) har ein sett som nasjonal målsetjing å sikra at attverande naturområde md urørt preg vert teke vare på. Ei utbygging av Midtfjellet Vindpark vil også redusera slike attverande naturområde som ikkje kjem inn under definisjonen inngrepsfrie (INON).



untitled22
Inste Sørlivatnet. Framleis eit lite påverka naturområde på Stordøya. Dersom Midtfjellet vindpark vert etablert, vil det føra til ein reduksjon av inngrepsfrie område i Fitjar. NB! Inste Sørlivatnet ligg utanfor planområdet. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.


Samla belastning av inngrep m.v.
Omgrepet "samla belastning" er nytt i arealforvaltninga, og seier at ein i større grad må sjå på summen av effektane for alle inngrep. Dei siste åra har det vore utført, og er planar om å utføra, mange tiltak i fjellet på Stordøya: Areal for råstoffutvinning ved Tindane, ny veg til Svartavatnet, Midftfjellet Vindpark, samt 300 Kv line frå vindparken til Børtveit i Stord. Dette er alle store prosjekt, som vil gje ein kumulativ effekt på naturområda i fjellet. Inngrepa vil vera dramtiske for utøving av m.a. friluftslivet, men også for det lokale biologiske mangfaldet.

Biologisk mangfald
Med nærleik til skjergarden og elles store inngrepsfrie område, er fjellområda på Stordøya særmerkt i Hordaland. Kvalitetane reint økologisk kjem også tydeleg fram ved at desse fjella husar arealkrevjande og kresne fugleartar. Kongeørn og storlom skil seg særleg ut då desse er å finna på den Nasjonale raudlista over sjeldsynt og sårbare artar, høvesvis i kategorien "Sjeldan" og "Bør overvakast" (Direktoratet for naturforvaltning 1999).

fugl5
Kongeørnunge fotografert under kontrollerte tilhøve ved ringmerking. Kongeørna har hatt tilhald i fjellet på Stordøya i årtier, stadnamn som "Aravatnet" vitnar om det. "Are" betyr "ørn" på norrønt. Ein kan m.a. sei at kongeørna er ein del av natur- og kulturarven på Stordøya. Foto: Tore Wiers.

I ei samanfatning av litteratur om konsekvensar av vindturbinar på fugl kjem både storlom og kongeørn ut som artar særs sårbare (Langston og Pulland 2002). Erfaringane frå Smøla etter at trinn II vart sett i drift syner at fleire havørnar har kollidert med vindturbinar. Dei høge tapstala på så kort tid er overraskande og syner at konsekvensane av slike vindparkar i leveområdet til enkelte rovfuglar kan vera store.

Feltarbeid i samband med Konsekvensutgreiinga har vist ein god bestand av heilo i planområdet, det er spesielt å finna denne fjellfuglen så langt vest i fylket. Under undersøkingane har ein også funne raudstilk, fleire orreleikar, myrar m.v. for vassfugl samt viktige trekk- og beiteområde for hjort. Samanlikna med meir sjeldsynte og sårbare artar som kongeørn og storlom er dette artar av litt meir lokal verdi. Men dette mangfaldet seier også noko om spennvidda og kvaliteten på naturområdet i planområdet, og stadfester at området er særs viktig for det biologiske mangfaldet på heile Stordøya.


Regionalt viktig friluftsområde
Utøving av friluftsliv og uforstyrra naturopplevingar åleine, eller i samvær med andre, er viktige faktorar for svært mange. Det er mange innbyggjarar på øya og det er forventa folkeauke i regionen. I framtida må det og vera tilstrekkeleg store naturområde for plante-, fugle- og dyreliv som toler slitasje frå auka menneskeleg aktivitet. Det bør såleis kunna dokumenterast høg samfunnsmessig nytteverdi frå ei så omfattande utbygging av vindturbinar, trafostasjon og høgspentline i det relativt avgrensa naturområdet Stordøya har.


At Fitjarfjella har store kvalitetar i samband med Friluftsliv er tydeleg. Fitjarfjella vert definert som eit regionalt viktig friluftsområde (Hordaland Fylkeskommune 2000). Hordaland Fylkeskommune har også gjennom Fylkespolitiske retningslinjer for oppstilling av vindkraft i Hordaland sagt at vindturbinar ikkje skal lokaliserast slik at dei kjem i vesentleg konflikt med friluftslivet m.v (Hordaland Fylkeskommune 2000).


vardeFitjar2
Utsikt frå Midtfjellet, Fitjar. Fitjarfjella ligg langt vest og ein opplever verkeleg ein nærleik til havet og horisonten når ein går på tur i desse områda. Det er m.a. ei av årsakane at området er klassifisert som eit regionalt viktig friluftsområde i Hordaland (Hordaland Fylkeskommune). Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Anna arealbruk
Erfaringsmessig har ein sett i arealforvaltninga at eit utvikla vegnett verkar som ein "katalysator" for vidare utbygging. Eit godt utvikla vegnett i området, i tillegg til ny planlagd 300 Kv line frå Midtfjellet Vindpark, kan seinare gje ein lågare terskel for å føreslå nye inngrep og utbyggingar av fjellet på Stordøya.

Støy
Støy vert definert som uønska lyd. Den kan verka negativt på helsa og føra til stressrelaterte sjukdommar. Støy kan verka negativt på trivsel, prestasjonsevne, søvn, kommunikasjon og sosial åtferd.
Støysonekartet syner at store deler av busetnaden aust for Fitjar sentrum vil kunna få støypåverknad over 40 dBA, men under 45 dBA. Kor tett opp under 45 dBA støyen ligg går ikkje fram av kartet.

Heile Fitjar sentrum ligg innanfor sona med over 35 dBA (som er tilrådd maksverdi ved bustad på natt).
Ein må sikra seg at dei verkelege tilhøva ikkje vert verre enn utrekna, då det vil råka dei største bustadområda i Fitjar kommune. I denne saka bør truleg fleire fagmiljø trekkjast med og supplera kvarandre, i tillegg til at frekvensområdet for støyen må tilleggjast vekt. Dei helsemessige vurderingane bør gjerne supplerast med uttale frå Folkehelseinstituttet eller anna kompetent hald.


untitled
Støysonekart over Vindparken frå "Fagrapporten om Støy" (Serverson 2005). Sjå oversikt over fagrapportane på nettstaden til
Midtfjellet Vindkraft AS her.

Konklusjon frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor

  • Tiltaket, Midtfjellet Vindpark vil utgjera eit varig, irreversibelt inngrep med store negative konsekvensar for m.a. naturmiljøet på Stordøya.
  • Tiltaket vil redusera levedyktigheiten til sårbare nasjonalt raudlista artar som kongeørn og storlom. Vindturbinane vil utgjera ein reell fare for kollisjonar for m.a. storlom, kongeørn, havørn og trekkjande rovfuglar.
  • Friluftslivet i regionen, og ikkje minst lokalt på Stordøya, vil verta sterkt negativt berørt av tiltaket.
  • Tiltaket er ikkje i tråd med "Fylkesdelplan for Vindkraft i Hordaland", då det kjem i konflikt med regionalt viktige friluftsområde.
  • SFLMK stiller spørsmål ved om tiltaket er økonomisk forsvarleg, då det er heilt avhengig av grønt sertifikat for å verta lønsamt.
  • Alternative utbyggingar/plasseringar av vindparken vil ikkje føra til redusert konfliktnivå i høve til biomangfaldet m.v.
  • Ei etablering av vegnett, kraftline m.v. ved realisering av tiltaket vil føra til større potensiale for vidare utbygging og inngrep i fjellområda på Stordøya i framtida. I eit lengre perspektiv kan dette føra til svært negative framtidige effektar i dei felles naturområda og ikkje minst for biomangfaldet på Stordøya.


Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK) meinar at tiltaket vil ha store negative effektar på naturmangfaldet. Alternative løysingar/plasseringar av vegar og vindturbinar, reduserer ikkje konflikt-nivået av tiltaket. Dei samla negative effektane av tiltaket vert større enn fordelane ved tiltaket. SFLMK meiner at omsøkt tiltak ikkje bør setjast i verk.

Roaldsfjorden
Relaterte dokument:

Utviklet av Frameworks AS for KS 2008-2011 med støtte fra MD 2008-2012 - Kontakt: Redaktør og brukerstøtte