|
Over 1000 øyar Bømlo er eit kystsamfunn med over tusen øyar innafor kommunegrensa. Store delar av øyriket vårt er i dag bunde saman av bruer. Både topografisk og biologisk byr Bømlo på stor variasjon. Frå Langevåg og Espevær i sør til Slåtterøy i nord femner naturen innom forblåste bergnabbar yttarst i havet til frodige og djupe skogsområde.
Variert natur Bømlo ligg i eit typisk kystmiljø, men med svært variert natur. Denne spenner frå opne berg og knausar mot storhavet til djupe skogområde med variert vegetasjon og mange ferskvatn. Dette saman med den store variasjonen i geologi og jordsmonn gjev livsvilkår for eit bredt utval av dyr, planter og fisk. Nokre av planteslaga og miljøa dei veks i er heilt spesielle for øya vår. Bømlo har difor fleire verna naturområde både for plante- og fuglelivet. |