|
På Bømlo er det mogleg å bada nesten overalt, og det er ikkje vanskeleg å finna eigne små strender der du kan vera i fred. Her er ei oversikt over dei badestrendene som ligg til sjø. Dette er strender som er ålmenne og vel innarbeidde i kommunen vår, og som er godt besøkte på varme sommardagar. Det finst og mange ferskvatn som det er flott å bada i, men desse er ikkje tekne med i denne oversikta. Nærleiken til sjøen er ein av dei tinga som gjer det flott å bu på Bømlo. Ingenting slår vel det å leggja seg på eit varmt svaberg ein sommardag, høyra måkeskrik og ei snekke som tøffar forbi. På strendene samlast gamle og unge, gjerne med ferske reker eller grillmat, og kosar seg i sola. Ta med familien ein tur på dei ulike badeplassane, og oppdag litt meir av Bømlo, kanskje finn du deg ein ny yndlingsplass... Ha ein flott badedag! |