Framveksten av havbruksnæringa er ei viktig årsak til at dei fleste kommunar i Hordaland har utarbeidd arealplanar for sjøareal eller "kystsoneplanar". Havbruksnæringa er ei viktig eksportnæring. God lønsemd set krav til optimal lokalisering, effektiv drift og utforming av anlegg. Framvekst av nye havbruksartar og former som havbeite gjev nye utfordingar. Samstundes aukar interessa og trong for areal til fritidsaktivitetar og utbygging som krev areal i kyst- og strandsone.

Foto: Magnus Johan Steinsvåg
Havbruk og havbeite i Stord og Fitjar
Stord kommune har havbruk som eit av satsingsområda i den næringsomstillinga som skjer i regi av SNU (Samspelsforum for næringsutvikling). Kommunen fekk eigen kystsoneplan i 1999. Planen har vore til svært god hjelp for å lokalisera havbruksnæringa i kommunen.
Fleire selskap har fått konsesjonar for skjelproduksjon. Først ute var Norskjell as med produksjon av kamskjel på Huglo. Seinare har det kome fleire blåskjellanlegg, eit i Dyvikvågen (Sagvåg) og eit på Haukanes på Huglo. Norskjell arbeider også med havbeite av kamskjel, ein ny aktivitet etter at ny lov om havbeite vart vedteken. Havbeite inneber at den som set ut dyra, har eineretten til gjenfangst innafor eit geografisk avgrensa område. Det er i lova opna for å sperra inn dyra på havbotnen.
Fordeling av konsesjonar av havbruk og havbeite i Stord og Fitjar kommunar kan du finne på nettsida til fiskeridirektoratet, sjå her.
Områda som er sett av til havbruk i kommunen ligg både på vestida (Stokksundet), på austsida (Langenuen) av Stordøya og rundt Huglo. Det finst ledige lokalitetar som høver både for laks, torsk og blåskjell.
Kystkulturen står sterkt i Fitjar kommune og kommunen ønskjer å satsa på naturressursane i havet og næringsutvikling knytt til resurssen. Totalt er det gjeve 29 konsesjonar innan havbruk og havbeite i Fitjar (2004).
For Fitjar ser ein at dei fleste konsesjonane er gjev for oppdrett av laks og aure, men også prøvedyrking av skjel har vore aktuelt. Pr. 2004 er det gjeve 12 løyve for dyrking av skjel i Fitjar. Desse er lokalisert ved Teløy, Sandvikvåg, Eide og Koløyområdet. I dag har sjøtroll A/S settefiskanlegg i nordre del av Hellandsfjorden, det einaste i sitt slag i Fitjar.
Kystråd gjev nyttig informasjon tilhavbruksnæringa
KYSTRÅD er eit prosjekt i Regionalt Utviklingsprogram i Hordaland. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og regionale statsetatar med føremål å styrkje rådgjevinga til kommunane i spørsmål om havbruk og kystsoneplanlegging. Hovedmålsettinga har vore å bidra til kunnskapsbaserte og oppdatterte kommunale kystsoneplanar i Hordaland.
Omfattande havbruksanalyse for Sunnhordland
På oppdrag frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland, er det utført ein havbruksanalyse for Sunnhordlandsregionen. Analysen er basert på eksisterande kystsoneplanar, kommuneplanar og annan tilgjengeleg informasjon. Føremålet med prosjektet har vore å utarbeida ein analyse som syner havbruksnæringa i Sunnhordland sitt potensial for framtidig vekst. Det er utarbeida digitale kart over sjøområde som er egna for oppdrett i regionen, klassifisert etter i kor stor grad dei er egna og etter oppdrettsform. Les rapporten her.
Du kan også sjå nærare på ulike kart frå analysen (NB! karta er store):
Forsking på lakselus i Hardangerfjorden
Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har saman med andre aktørar starta opp med eit omfattande foskingsprosjekt i Hardangerfjorden. Å få meir kunnskap om korleis lakselusa fordelar seg mellom oppdretta- og vill laksefisk, er et hovudmål med prosjektet. Hardangerfjordsystemet er et ideelt undersøkelsesområde for forskarane først og fremst fordi det er et langt fjordsystem og har viktige lakse- og sjøørretstammar som er påvirka av lakselus. I tillegg samarbeidar dei fleste oppdrettsanlegga om fiskehelse gjennom eit nettverk i dette fjordsystemet. Prosjektet vert koordinert med et annet pågående prosjekt i Hardangerfjorden (HI) slik at ein kan få maksimal nytte av undersøkinga.