SIM tar seg av avfallshandsaminga for kommunane Bømlo, Austevoll, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Selskapet samlar inn alt forbruksavfall og slam frå dei omlag 55.000 innbyggjarane og 15.-20.000 hyttebrukarane i regionen.
Med basis i vedtektene, kommunale føresegner og avfallsplan som kommunane har vedteke, arbeider SIM for å redusera den totale avfallsmengda, skapa ressursar av det avfallet som oppstår i regionen, og ta forsvarleg hand om restavfallet.