Miljø- og samfunnsstatus i Bømlo

Du er her :
BømloForureining
Forureining

Mykje forureining enkelte stadar

Tilstanden i vatn og sjø har i Bømlo vore mykje bra, men det har i enkelte område vore mykje forureining. Dei mest aktuelle områda har vore Innværforden, Storavatnet og i Bergesvatnet.

Boss på Sakseid
Når ferskvatn vert tilført store mengder næringssalt, enten som kloakk, avrenning frå jordbruket eller som restar av fiskefôr, kan me få alge-oppblomstring. Resultatet kan bli oppblomstring av alge som setter usmak på vatnet, vatnet vert uklart og i nokon høve vert vatnet giftig. Avrenning frå grunn havnar i bekkar og har lett for å hopa seg opp i mindre vatn og tjern. Her ser ein avrenning frå den gamle bossplassen på Sakseid. Foto: Njål Gunnar Slettebø.

Universitetet i Bergen v/seksjon for anvendt Miljøforskning gjennomførte i 2000 ei resipientundersøking av Innværfjorden. Ein oppdaga då at botnen var utan dyreliv i bassengdjupet på 77 meter inne i fjorden.  Det pågår no eit stort arbeid med å etablera nye pumpestasjonar i tilknytning til fjorden, og i løpet av den komande åra reknar ein med at Innværfjorden skal vera kvitt kloakkavløpsproblemet.

Storavatnet har i mange år vore ureina med kloakk og noko avrenning frå jordbruket. Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA) har gjennomført prøvetakingsprogram i Storavatnet i lengre tid. Så langt viser desse vassprøvane at innhaldet av næringssalta fosfor og nitrogen i Storavatnet er om lag som i perioden 1995- 1996. Høgt innhald av næringssalt gjer at faren for ny algeoppblomstring framleis er tilstades.

Bergesvatnet
Bergesvatnet sett frå Berge. Foto: Njål Gunnar Slettebø.

Det har vore ei klar betring av vasskvaliteten i Berges-vatnet etter at drifta av settefiskanlegget i vatnet vart avslutta mai 2001. Sommaren 2000 vart det påvist giftproduserande blågrønnalge i vatnet. I 2001 Vatnet var då i fylgje NIVA ikkje eigna til drikkevatn for dyr eller til bading.ettersom det var funne donimans av dominans av potensielt toksiske blågrønnalger. Etter prøvetaking i 2002 vurderte NIVA vasskvailteten som god. Vatnet har ikkje vore synleg ureina og i dag kan vatnet brukast til bading og det kan også drikkast.

Forureining øydelegg drikkevatn og rekreasjonsområde

Kva konsekvenser gir ureining i ferskvatn og sjø?
Når ferskvatn vert tilført store mengder næringssalt, anten som kloakk eller plantenæringsstoff, kan me få algeoppblomstring. Resultatet kan bli oppblomstring av alge som setter usmak på vatnet, vatnet vert uklart og i nokon høve vert vatnet giftig.

Sterk eutrofiering kan føre til oppblomstring av store mengder blågrønn alger der nokre artar er giftproduserande. Vatnet vil då ikkje kunne nyttast til bading eller som drikkevasskjelde for folk og dyr. Når algene døyr og vert nedbrotne vert det brukt oksygen. Oksygeninnhaldet kan då bli så lågt at fisk og andre dyr får problem.

Badeplassen ved Melkevik
Trivsel ved badeplassen på Melkevik. Det er viktig at folk har reint drikkevatn, rekreasjonsområde og badeplassar. Foto: Njål Gunnar Slettebø.

Miljøgifter hopar seg opp i næringskjedane
Miljøgifter kan sjølv i låge konsentrasjonar gje skadeeffekt på naturmiljø og menneske. Ofte konsentrerar dei seg opp gjennom fleire ledd i næringskjeda, slik at rovdyr får ekstra høge konsentrasjonar. Tungmetalla  kvikksølv og kadmium vert rekna som spesielt giftige. PCB er ei gruppe organiske miljøgifter som kan føre til nedsett fruktbarheit hjå sjøpattedyr, og som kan gje svekkja immunforsvar og skader på nervesystemet hjå menneske.

Hindra tilførsle av forureining til vatn og sjø

Klarar ein å hindra tilførsle av forureina vatn frå bekkar og grunn, vil ein naturlegvis òg unngå større forureining av sjø og vatn.

Betring av kloaknett kring Storavatnet
Eit viktig tiltak i for å  betra tilhøva i Storvatnet er å få separert kloakk og drensvatnet i dette området (les meir om Hovudplan Avløp). Vidare er det viktig at alle bustadhus rundt Storavatnet som endo ikkje er påkopla offentleg kloakkleiding får krav om påkopling så snart råd er. I nedslagsfeltet til t.d. Storavatnet er det 1800 husstandar. Av desse er 88% kopla på offentleg kloakk. Eit viktig tiltak i Hovudplan Avløp er å få separert kloakk og drensvatnet i dette området (les meir i Hovudplan Avløp). Vidare er det viktig at alle bustadhus rundt Storavatnet som endå ikkje er påkopla offentleg kloakkleiding får krav om påkopling så snart råd er.

Ikkje fiskeoppdrett i Bergesvatnet i framtida
Tilhøva i Bergesvatnet var særs dårlege sommaren 2000, men etter at verksemda i fiskeoppdrettsanlegget vart avslutta har tilstanden i vatnet ettekvart bli betre. I dag kan ein altså nytta vatnet til bading og rekreasjon. I framlegg til ny kommuneplan for Bømlo er oppdrettsanlegget i Bergesvatnet teke ut av planen. Det same er landbasert anlegg i Skippervik med vassuttak frå Bergesvatnet.

BossSakseide1
Relaterte dokument:

© KS 2008-2010 - Kontakt: Livskraftig@ks.no - Utvikling og teknisk support: Frameworks AS -  Powered by Digimaker CMS