|
Målsetting Målsettinga med klima- og energiplanarbeidet i Noreg er å redusera klimagassutslepp, samstundes med at kommunane får til ei optimal og miljøvenleg energiforvaltning. Målet med planarbeidet i vår region er å leggja til rette for ei fleksibel energiforsyning i Sunnhordland og Nord Rogaland, slik at ein når konkrete mål for reduksjon av klimagassutsleppa. Energibruken skal vera basert på optimal utnytting av tilgjengelege energikjelder. Klima- og energiplanar Det skal lagast separate klima- og energiplaner i sju kommunar, Bømlo, Etne, Sauda, Stord, Sveio, Utsira og Vindafjord. Deretter er intensjonen å laga ein regional energiplan som omfattar desse sju kommunane i tillegg til Haugesund, Karmøy og Tysvær.
Lenke til Bømlo sin klima- og energiplan, vedtatt av kommunestyret 15. juni 2009
Global dugnad Bømlo kommune har eit ønskje om å bidra til ein nasjonal, og såleis global dugnad, der dei menneskeskapte klimagassutsleppa skal reduserast. Ved å delta i prosjektet ”Klima- og energiplanarbeid i norske kommuner” er Bømlo kommune med på å gjera noko for felles miljø. |